Er du Ulstein Verft AS sin nye produksjonskoordinator til stål/sveisavdelingen?


    Ulstein Verft AS er en internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har om ag 600 tilsette i seks land, og hovudkontoret ligg i Ulsteinvik på Sunnmøre.


    Ulstein Verft byggjer avanserte spesialfartøy mellom anna innan offshore og fornybar energi, cruise, yacht og Ro-Pax (passasjerskip/ferjer). Selskapet tilbyr også tenester innan kranløft, lektertransport, ombyggingar, oppgradering og reparasjonar. Selskapet er ein del av forretningsområdet Shipbuilding i Ulstein.


    Til vår Stålavdeling søker vi etter ein Produksjonskoordinator som også skal inne ha rolla som Sveiseinspektør og vere Ulstein Verft sin sveisetekniske rådgjevar. Arbeidsoppgåver som fell inn under stilling er blant anna utarbeiding av WPQ og WPS do bedrifta og vedlikehald av desse i vårt QA-system, bistå med kontraktsforhandling og bortsetjing av arbeid, samarbeid med underleverandørar og oppfylging mot kunder og klasseselskap. Vidare vil Produksjonskoordinator vere ansvarleg for framdrift og ferdigstilling av fagområde innanfor tildelt prosjekt og skal aktivt bidra til utarbeiding av planar og kalkylar. Internt i selskapet vil du være sveiseteknisk rådgjevar og det forventast at du bidrar med naudsynt kunnskap om relevange standardar og regelkrav innanfor skipsbygging.


    Vi ser for oss ein person som har utdanning frå høgskule/universitet eller teknisk fagskule med stor fagleg kompetansen innan stål/skrogsbygging samt erfaring frå prosjektarbeid/leiing innan maritim industri. Du må vere sertifisert/utdanna IWE eller IWT og gjerne ha erfaring frå utføring av NDT, ha gode data- og språkkunnskapar (norsk og engelsk). Har du erfaring frå rollane som produksjonskoordinator og sveiseinspektør vil det vere ein fordel. Som person ønskjer vi at du er ryddig, strukturert og du har stor arbeidskapasitet. Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar, er løysingsorientert og tilpasningsdyktig.


    Ulstein Verft kan tilby eit godt og utviklande arbeidsmiljø, med interessante og varierte arbeidsoppgåver. Vi har gode forsikrings- og pensjonsordningar, konkurransedyktig lønn og fleksibel arbeidstid.


    Søknadsfristen er 31.10.17. Kontakt Stig Slettebakk (91581013) eller Anna Louise Goksøyr (94488674) ved eventuelle spørsmål. Arbeidssted er Ulsteinvik.


    SØK PÅ STILLINGA HER!

    logo_ABC_Solid_Text.png

    Vi hjelper gjerne dere med å bli mer synlige! Les mer her

    © 2020 ABC Digital
    Org 913747569

    Telefon 98042844

    eller send oss e-post